Til deg i natt...

... eg veit vi er trøytte no, men det er berre noko eg vil kviskre deg fyrst.

Eg er glad i deg. 

Tenkte nokon måtte skrive det til deg i natt. At det er nokon som er glad i deg. 

Vi menneske har eit behov for å ha andre rundt oss som syner oss kor mykje vi er verdt for dei, kor mykje vi blir sett pris på. 

I går var kvinnedagen. Det var ein flott dag. Vi er flotte kvinner! Flotte menn! Flotte menneske. 

Og eg snakkar om innsida. 

Vi er fantastiske, og det vil eg berre seie til dykk. 

Eg seier som representant for alle som kjenner deg og bryr seg:

eg er glad i deg.

God natt.

Vart dagen slik du hadde tenkt?

Fall alle brikker på plass? Rakk du alt du hadde tenkt?

Før du svarar, vil eg berre skrive: ikkje eg heller. 

Det er gjerne fælt at eg går ut ifrå at din dag ikkje har vore "fullkomen", at eg reknar med du ikkje har fått gjennom alle dine store planar, dine draumar. Likevel; dei fleste av oss får ikkje gjort ein brøkdel av sektordiagramet for dagen. Om berre sirkelen hadde blitt full, alle felt var fylt ut i fargar, så det vart eit fint mønster!

Så kan det vere ei trøyst: nr.1: Dagen er ikkje ferdig endå. Sjølv har eg planlagt å utnytte tida maksimalt. Eg er flink til det... om kvelden. Når ting byrjar bli så absolutt på tide, byrjar haste, du forstår der er ein del du ikkje har gjort. Det kan ikkje utsetjast lenger. Nr.2: Du skal få en dag i morgen. Vi håpar på det! Vi håpar på at vi vaknar til ein ny dag etter i dag. 

Mi oppmoding er: 1: gjer alt du klarar i kanskje ein halvtime frå no. 2: ro ned med ein kjæreste, venn, eller berre ta ein kopp te åleine. Tenk at "dette var ein fin dag"(skriv gjerne det alt det fine som har vore i dag) 3: Gå og legg deg (altså då i skikkeleg tid) Så er du opplagt til i morgon.

Sjølv må eg gje meg sjølv mange sjansar. Plutseleg er dagen gått, og endå ein og endå ein, men eg har funne ut: Det er ikkje hjelp i å tenke: men du sa i går at "i morgon skal bli ein god dag", men no er denne dagen gått utan at du eigentleg har fått gjort så mykje, korleis kan du då tru at i morgon vil bli noko betre? Ei heil veke ligg bak deg utan ein skikkeleg effektiv dag, men framleis "lurer du deg sjølv" til å tru at i morgon skal bli noko betre!!!

Slik har eg ofte tenkt, men som eg skreiv: det går ikkje an å tenke slik. For kva skal ein gjere? Gje opp!? Ein må berre gå. "Fortsett å svømme, fortsett å svømme!" For tenk; kvar einaste dag er ein ny sjanse. Vi har ein ny sjanse kvar dag til den dagen vi døyr. Vi har sjanse heile livet. Stadig ein ny sjanse. Slik føler eg det er med nåden òg. Gud som tilgjev og er nådig. Han er god. Det meiner eg.

Så seier eg naturlegvis ikkje "slapp av i dag, det kjem ein ny dag i morgon, du kan slappe av då òg, slække heile livet, berre finne ein vanleg jobb kanskje, eit eller anna som ikkje er pisskjedeleg, finne ein ok fyr/ grei dame, gifte deg osv. Funkar feitt. Berre ligg på sofaen, du".

Nei! Eg seier: stå på! Gjer det beste ut av dagen din og livet ditt, men ikkje lag for store forhåpningar til deg sjølv! Gjer det du får til og ver fornøgd med det! Rop hurra!! :) Nokon er glad i deg, nokon tenkjer på deg, i dag har du gjort noko verdifullt for deg sjølv og nokon andre, og det er berre å halde fram. Der er alltid eit forbetringspotensiale. Kom igjen! 

Lukke til.. og snart: god natt!

Stor klem frå meg.

 

 

Jo, det er nok morgon...

... tida strøymer forbi. Blada svirrast i sirklar av vinden.

Borna har regnklede, traskar sin veg til skulen i gummistøvlar og store sekkar med overtrekk. For trøytte til å erte kvarandre. Orkar knapt å subbe seg framover.

Slik startar ferda. Barn mot skulen. Studenten på farten. Den vaksne får aldri fred.

Avstad til arbeid!

Vi er eit lite, flittig land. Det vil seie; det burde vi vere. Det er så mykje godt vi har. Litt arbeid burde vi tåle. 

Likevel sit eg her og skriv. Midt på lyse dagen, og orkar knapt tanken på ein dusj.

Eg høyrer meg sjølv. Bortskjemte vesen. Å, hysj!

 

Eg skriv til deg. Nett no. Fingrane mine lagar sine innsmigrande, tastande mønster, formar ord berre av små knappar. Eg skriv til deg. Prøvar svinge våre humør opp og ut i dagen. 

For dagen er her, om den er aldri så mørk. Vi er i Noreg, og det blir stadig mørkare. 

Grunnen er då endå større; ver eit motstykke, eit kontrapunkt! Gå i motsett retning, - og smil!

For å illustrere: :) (Eit smilefjes)

Det regnar. La det regne over deg.

Det er mørkt. La mørket kvile seg mot skuldrane dine, og rett deg opp i ryggen. Gå mot dagen som er lys. Gå mot våren.

Det er kaldt. Stå imot den kulden med ditt varme sinn. Drikk litt varmt drikke. Ver den varmen andre set pris på. Ver den varmen, gje av din varme, så andre kan tine hendene sine og halde handa inn mot hjertet. 

Ver du alltid våren. Den som spreng opp i knopp gjennom asfalten. Den som kvitrar "god dag" frå eit nyklekka egg.

Elsk og bli elska tilbake. Smil, så får du smil igjen.

Gud elskar deg alle dagar. Møt dagen med frimod, eit smil, min venn.

Klem

Morgon og humøret er...

... litt surt. Utan at eg heilt veit kvifor. Eg er rett og slett litt sur og morgongretten. Arg!

Det er ein del eg stressar med, og ein del stressar eg òg med i drøyme. Eg har snakka med andre i dag, og dei òg er stressa for ting. Alle er stressa. Det er slik det er. 

Til helga skal eg reise vekk igjen, og eg er så grådig spent på korleis det skal gå. Måtte Gud vere med meg så det går fint! No skal eg førebu meg mest mogeleg og berre håpe, legge alt dette i Guds hender.

Måtte resten av veka bli fin, og alle vekene etter denne. La oss sjå kvarandre og prøve løfte oss sjølv etter hjerterota og vere gode menneske. 

Ein skreiv noko fint til meg ein kveld, sjølv om han nok ikkje tenkte over det. Det gleda like vel meg. Ver almindeleg gode med kvarandre. Det treng ikkje vere noko styr. Lån nokre kroner til nokon som har gløymt kantinepengar. Sei noko fint til ei som sjeldan får komplement. Gje litt av tida og merksemda di til nokon som sit åleine. 

Gud velsigne denne dagen. 

Klem 

I kveld er det på tide: KJÆRLEIK.. og eg skriv..

... Kvar i all verda er kjærleiken? Gje meg eit kart! Gje meg ei vegskildring, så spring eg dit!

Eg veit ikkje kven eg er. Eg gjer verkeleg ikkje alltid det. For: eg er ung. 

Det er ingen unge som veit kven dei er. Om eg tør påstå det. Alle er usikre. 

 

Vi drøymer oss bort i fantasiar om framtida. Om kven vi vil møte. Om alt vi vil sjå og oppleve. 

Vi tenkjer på alt vi ikkje kan, alt vi ikkje får gjort, men burde gjere. 

Vi lengtar stadig etter noko betre, og til sjølv å vere betre. Lengtar alltid ein annan stad.

 

Kvar blei det av augneblinken? Det spontane? Impulsar, og berre det å flyte med i tid som renn, men samstundes padle og komme seg framover? 

 

Kjærleik. Det er kanskje det mest omtala temaet nokon sinne. Det må vere blant dei få emna som ikkje går av mote. 

Ingen seier at "love is so last year". Det har du vel aldri høyrt?

 

Trur du på kjærleiken? Det gjer eg. Så ventar eg òg. 
Å vente på kjærleiken. Du har høyrt at den som ventar på noko godt.. du kan ordtaket.
Vi kan ikkje vere kvinnene som står på hamna og speidar utover havet.
Vi kan ikkje vere mennene som berre reknar med ho/han skal dukke opp ein dag.

Men dette har eg lurt på: skal ein leite? Skal ein gå inn for å finne kjærleiken, skrive lister over folk ein kjenner til, som ein kanskje kunne tenkt seg, skrive fordelar og ulemper, stille seg spørsmålet: er han/ho noko for meg?

Eg las ein artikkel om sædbankar i Danmark. Huff, så sært, men likevel. Visste du at i Norge er det krav om at ein skal vite kven som er faren, og single får ikkje nytte seg av tjenesta i det heile. Mennene som går i sædbanken tillet meir og meir av informasjon om seg sjølv få følgje med sæden. "brune, glimtende øyne", "ligner på orlando bloom", "1,90 og kraftig bygd" osv. Slik kan ein plukke ut ein fyr som høyrest bra ut, og få barn med han. (Når det er sagt, er det ei fin ordning for dei som ikkje har barn, men som ynskjer seg det. Og det er sikra mot alle mogelege sjukdomar).
Om ein ser litt stort på det, er ikkje facebook og forskjellege heimesider litt likt? Folk legg ut info om seg sjølve så folk kan sjå. Bilete, både av ansikt og resten av kroppen, skriv kva filmar dei likar, kvar dei bur, kva dei jobbar med osv. Det er jo mange dating-sider. Har du gravd fram litt info om nokon du er interessert i? 

Eg har mange gongar skrive på facebook t.d. til folk eg så vidt har møtt, som verka hyggelege. Så har eg møtt dei igjen og fattar ikkje kvifor eg har brukt krefter på å skrive med dei. Så mange fjottar det finnast, og kor mykje dumt ein lokkar seg sjølv til å skrive. Usj. 


Kvar vil eg?!

Jo: Vi må finne tilbake til den tida der vi ikkje "vart kjent" med nokon via facebook. Vil vi finne kjærleiken må vi halde auga opne, gå på ting der ein kan møte folk kanskje med litt samme interesser osv. Ein skal ikkje gå rundt DESPERAT alltid. Ein skal ikkje gå slik berre å lengte seg sjuk, speide, til ein ikkje klarar tenkje på andre ting. Så er det ikkje så lett, men hoi; vi prøvar.

Tips: ikkje skriv med folk. Møt dei og prat med dei. Folk er annleis skriftleg og er så mykje meir enn augnefarge, alder og yrke. Vi er menneske, hugs det! Vi er menneske.

Stor klem. 

Eg skal ut, eg skal fly...

... eg reiser snart!

Du hugsar eg skreiv om sommarfuglar?

Eg vil skrive "berre ein liten tanke..."

Her kjem den:

Kva om vi prøvar å gjere ei god gjerning i dag?! Alle saman. 

Sjølv om eg er kristen, og du kanskje ikkje er det, trur eg vi alle til tider føler trang for å vere gode med kvarandre. Eller er det ikkje slik? Tek eg feil?

For kvifor er det berre når nokon har bursdag at vi skal skrive noko til folk, gje klem, seie noko hyggeleg. Kvifor er det berre ved jul at vi skal vere ekstra snille med kvarandre. Eg har møtt folk som er så glade i jula. Rett og slett er dei heilt forelska, og seier "eg er veldig jul!" Det må jo vere fordi den boblande "godheta" (eg veit ikkje om vi har noko betre ord på nynorsk) verkeleg gjev inntrykk på folk, og er noko folk treng. 

De veit alle "fenomena". Folk gjer ikkje så mykje til organisasjonar osv. på nyåret. Folk gløymer etterkvart dei grusomme katastrofene vi har vore vitne til. Fordi vi er så "kvardag". Vi er så veldig inne i våre eigne rutinar. Våre mønster. Våre små boksar.

Dette er då min lille tanke, så smak på den:
Kva om vi alle gjorde ei god gjerning i dag!?

Det blir mange gjerningar det, og det kan vere kva som helst! Gje nokon litt av merksemda di, av tida di og kjærleiken din. Besøk nokon du trur vil bli glad. Lag noko til nokon. Gje noko. Gje noko av deg sjølv og det som er deg, som er ditt, spander, eller berre del nokre gode ord, ein klem.

Tek du utfordringa? 

Ha ein nydeleg dag!

Klem

Natt! Eg skriv igjen: kjenner du følelsen av...

... å vere oppe om natta.. ja. 

Eg vil tru svaret ditt blir ja. 

Kvifor i all verda er vi oppe om natta? Kva er det med natta som grip oss? 

Kvifor søv vi ikkje?

... ah.

Kjære deg. Kofferten er full nok no. Du er trøytt nok no. Flyet går om ikkje så lenge, og då skal du stå der klar. Om berre nokre timar. 

Tid. Den går så fort. Den sig utan at du merkar det. Når du minst vil. Livet sig forbi. Bagasjen på rullebandet. 

Plukk bagasjen din opp! Rett deg opp! Reis og sjå verda, lev livet.

Veit du? Det er på tide å sove. Kom igjen. La alt ligge. La ord og tankar vente til i morgon. 

For i morgon, min ven. Det er DÅ det er dag. No er det natt. Om natta skal menneske sove og la bygd og by kvile i fred. 

Ver glad i kvarandre, menneske. Elsk kvarandre, de nydelege folk. La søvnen gripe deg idet du ynskjer bite i ein ny muffins, ete litt restar frå middagen, male eit nytt bilde. Lukk kofferten for i kveld. Lat han opp i morgon, og ta fatt på innhaldet i livet ditt. Ta på deg dine kjolar og slitte bukse. Dei er dine oppgåver og utfordringar. Kle deg opp! Ta fatt!

For natta er her. Vi burde då alle sove. 

Ah! Ah! (Eg syng) No tek natta meg, omfamnar meg med si mjuke dyne og sine varme pledd. Puta let mine tankar kvile.

Hugs: kofferten er for morgondagen. I morgon tek livet til. 

Du kjenner følelsen, og no er det natt.

Måtte den vere god!

klem

Kjenner du følelsen av...

... å vere superspent? Å vere kjempeivrig og verkeleg glede seg til noko?

No er det på tide. Tida er altså komen. 

Vi snakkar sommarfulgar!

Dei aller fleste av oss veit kva ein sommarfulg er, og mange, slik som meg, knyt sommarfuglar til noko som kriblar. "Tusen sommarfuglar i magen!" 

Heile draumen om å komme hit til byen har for meg vore knytt til sommarfuglar. Eg ville studere her, og eg kom inn. No teiknar eg sommarfuglar overalt i takksemd for å ha komt inn, og for å kunne få lære og leve her.

Så er det naturlegvis rart, er det ikkje; å bu vekke frå heimstaden sin, frå alt ein er van med, frå familien sin. Noko ved det er veldig unaturleg, noko anna er heilt som det skal. Fuglane forlèt reira sine. Bambi blir stor. Eg er heldig som er frisk og kan klare meg litt sjølv.

Er det noko du gledar deg til? Kanskje alt i kveld? Er det noko du ser fram til?

Skriv og snakk i veg! Til deg sjølv, til andre, - til meg for den del. Tenk alt du klarar på det positive ved nettopp ditt liv, endå kor tungt det måtte vere no, til tider, litt for ofte, alltid. Om livet ditt alltid er tungt er det i alle fall viktig å prøve, prøve, prøve å tenke positivt, men òg å snakke om alt som er vanskeleg. Snakk med nokon du kan stole på, eller søk hjelp og trøyst.

Til deg som er litt lei deg i kveld, deg som er sjuk, deg som har det vanskeleg; det var kanskje ikkje sommarfuglar du ville lese om i kveld. Det forstår eg godt. Dei kan flakse og flyge til endå til steinane på marka blir irriterte, glitre med sine flotte fargar og vise kor lukkelege dei er. Å sjå nokon som er glade er ikkje alltid godt når ein sjølv ikkje har det så bra. Då vil ein sjå nokon som ser ein. Då treng ein andre som er der, som har bakkekontakt, som ikkje flaksar og flyr, men spør: korleis har du det?

Dette har eg skrive før, men eg vil oppmode: ikkje berre sei "hei" til folk du er "på hels med", som du kjenner litt. Spør dei korleis dei har det, og spør som om du heilt og fullt ynskjer eit svar tilbake. Smil roleg og venleg. Ver ein ven. Ver der for denne personen framfor deg.

Sjå etter sommarfuglane i livet ditt. Ta dei fram. Oppsøk dei. Finn gledene i haustmørket. 

I morgon skal eg ut og fly. Opp i lufta, for så å lande i ein annan by. Berre for denne helga. 

Der håpar eg å spre sommarfuglar. Gje nokon noko. Glede nokon. 

Måtte du få ein nydeleg kveld. 

Velsigne deg.

Stor klem frå meg

Du har kanskje lurt på...

... kva er dette for ein blogg?

Det ynskjer eg fortelje: eg er ei jente som er glad i å skrive. Ei jente som er glad i tankar og i ord. Meiningar. 

Her i dette eg kallar eit rom, vil eg dele. Det er fyrst og fremst det eg vil. 

Eg skriv ikkje om kven eg gjer. Om leksene mine og hårfrisyren min. Om folk eg "heng" med eller kva maskara eg brukar. Mange andre skriv om det, og det tykkjer eg er kjempeflott, men mi rolle er ei anna.

Eg ynskjer ikkje å framheve meg sjølv her inne. Det har inga betydning eigentleg kven det er som skriv. Når du les ei bok. Veit du kva outfit forfattaren hadde på seg då han skreiv 3kapittel? Veit du om han eller ho var singel i den perioden eller om vedkomande er veldig glad i lasagne og elton john?

Det er berre eg som skriv. Så er det deg det handlar om. Det er deg eg vil nå med desse orda. Deg. 

For det er ditt liv. Du lever. Mitt ynskje er at du kan få noko ut av desse orda. Kanskje får du lyst til å lære eit nytt språk, til å skrive til ein ven du ikkje har sett på lenge, til å gå ut i naturen og høyre fuglane kvitre, skrive ein sang, ta tak på leksene og sjå ein god film etterpå?

Det er min tanke med denne såkalla "bloggen". Min tanke er at du skal få noko ut av å lese. At du kan gå litt ut av mønster du har laga deg, berre gjort som andre, berre vore med vennegjengen og ikkje gjort det du har lyst til. At du kan synke ned i stolen din og stenge verda litt ute, gløyme kjendisar i fine kjolar, krangelen med kjæresten, stresset med jobb eller skule, stress med kva andre tenkjer og trur. Eg vil lokke deg fram. Du er eit fantastisk, sjølvstendig og flott menneske. Vis det til verda, og ver så snill å grip tak i deg sjølv og ditt eige liv. Grip dagen og det utrulege livet du har fått. Du er ein velsignelse i deg sjølv. Ver det for folk rundt deg. Lær deg å sjå andre menneske. Ver deg sjølv, ver stolt og la andre sjå kven du er. 

Eit stort "lukke til"-rop i frå meg. Eg er ivrig for at ditt liv skal bli så bra som du fortjener.

klem

Noko eg har lyst til å dele...

... det er mi tru. 

I Noreg vårt Noreg er vi opplærte til å halde ting for oss sjølv og ikkje dele så mykje. 

Dette blir eit unntak i norsk tradisjon.

Eg har alltid vore kristen.
Gått i kristne kor, på søndagsskule og i kyrkja, og har alltid hatt ei sterk tru, eit godt forhold til Gud.

I det siste har eg følt meg egoistisk fordi eg ikkje har delt så mykje av trua mi, berre sagt at eg er kristen og stoppa der. Det er som om eg har halde Gud for meg sjølv, og alt det fantastiske eg føler på ved at eg trur. Kor godt det er. Kjærleiken.

For du syns gjerne det er teit. Det er det eg tenkjer.
At du syns eg er teit som trur og som i tillegg skriv om det.

Vel, no gjer eg det. Eg skriv kva eg trur på!

Eg trur at Gud har skapt verda. Himmel og jord. Deg og meg. Alt og alle. Eg trur at han elskar alle. Uansett kjønn, legning, nasjonalitet, folkeslag, utseende osv. Ja, eg trur det; Gud elskar oss slik han har sagt. Han gav sonen sin for at vi skal få evig liv. Evig liv. Vi får møte igjen alle dei vi har mista og sørga over. Vi døyr ikkje for så å forsvinne og bli til ingenting. Vi skal leve. Dette livet vi har no er ikkje alt. I dette livet skal vi leve og vere gode med kvarandre, så døyr vi, men lever vidare. 

Så er det noko forferdeleg; det står at " så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv". Kva med dei som ikkje trur? Her er det mitt samvit kjem inn. Her er det eg blir frykteleg uroleg. For eg har alltid tenkt at folk skal få tru på det dei vil. Eg skal ikkje vere respektlaus og seie at mi tru er betre enn andre si. Så ver snill: ikkje mistolk meg. Eg vil ikkje vere respektlaus eller hoven, eg vil berre dele.

Eg ynskjer så gjerne å ta deg med i denne lune varmen der kjærleiken er størst av alt, der vi kan legge alt i Gud sine hender, be, samlast, ha liv fylte med omtanke og godhet, vere trygge, stole på Gud.

Dei siste par månadane har eg søkt andre kristne. Det er så godt! Før har eg, utanom med familien min, følt meg litt åleine i trua. No ser eg at det er andre på min alder som trur. Mange flotte menneske. Det varmar så. Det er mat til hjertet. Gud fyller meg med kjærleik. 

Kan du tenke deg noko finare enn å be for nokon og å bli beden for? Folk snakkar om å finne Jesus. For meg har han alltid vore der. Eg har alltid trudd. Eg er heldig! Ikkje alle har lett for å gje seg over i å trua på Gud. Eg vil be for deg i kveld. At du vil finne Jesus.

Eg kan knapt tru eg skriv alt dette, for det har eg aldri gjort før. Tykkjer du eg er gal? Eller veldig "gladkristen"? 

Ver så snill, om du ikkje trur: snakk med nokon som gjer det, skriv til meg om du vil. Kjenn på den godheten og kjærleiken. Eg skriv til deg om dette fordi det er noko som verkeleg brenn i meg at eg må dele. Det er for godt til å halde for seg sjølv. Som om eg ikkje ville dele den store sjokoladeplata mi! Sjå her, ta ei rute, smak på han.

Så korleis går du fram? Det er ikkje noko hokkus-pokkus. Er du glad i bøker kan du titte i "en overkommelig bibel". Der står det ein liten tekst kvar dag, og den er veldig fin. Så kan du kan heilt enkelt berre folde hendene og kviskre nokre ord om du vil. Og om kva du vil! Gud vil høyre på deg og det du har på hjertet. Du kan be om at han må hjelpe deg til å tru. Be om at han tar rom i hjertet ditt.

Folk som tidlegare ikkje har trudd men som no trur seier dei føler at eit tomrom har blitt fylt opp.
Eg vil oppmode: be om at du heilnast, at Gud kjem til deg og fyller deg til randen med sin kjærleik, at han tek buskap i deg. Det er alt du treng gjere. Alt som krevjast. For du er eit godt menneske, og Gud vil vere god mot deg.

Eg vil ynskje deg ein nydeleg kveld og ei god framtid. Lukke til!
Vi blir nok eit nydeleg, fint englekor:)

klem 

Les mer i arkivet » Mars 2012 » Oktober 2011 » August 2011
hits